22 kyrkjelege brudevigsler i eit prestegjeld som i same år hadde 183 konfirmantar og 126 døypte seier litt om at prestisjen med kyrkjeleg velsigning ved ekteskapsinngåing er mindre enn han har vore. Ja, eigentleg seier statistikken at det ikkje er "in" å gifte seg i det heile. I det siste botnåret - 2004 - var det 28 brudevigsler i prestegjeldet - 15 i Hareid og 13 i Ulstein.

Stabilt gudstenestebesøk, men likevel få

Dei to prestane i prestegjeldet - sokneprest Hopland og res. kap. Møgster - slår også fast at kyrkjebesøket har vore på retur over tid, sjølv om begge registrerer litt større stabilitet dei siste åra når det gjeld oppslutninga om hovudgudstenestene.

Individualisering

Møgster forklarer trenden med færre kyrkjebesøkande med at den samfunnsmessige oppslutninga om ideologisk baserte organisasjonar har gått kraftig tilbake og at det har foregått ei individualisering til trengsel for det kollektive. "Ein har ein større terskel for å bruke tid til og ta del i det som er større enn ein sjølv", skriv han. Frammøtet i Hareidskyrkja kan variere veldig - frå fullt hus til ned i eit titals frammøtte. Møgster slår fast at deltakatalet går drastisk ned ved gudstenester utan dåp og når det bli halde gudstenester om kveldane i staden for på dagtid. Kveldsgudstenestene blir haldne ein gong i månaden for å kompensere for manglande vikarmidlar. Det oppløftande, skriv Møgster i årsmeldinga si, er den gledeleg store oppslutninga om trusopplæringsprosjektet i Hareid. Møgster synest også det gode frammøtet på familiegudstenestene er oppløftande med tanke på framtida.

- Likevel høgt på statistikken

Årsmeldinga for Ulstein sokn slår fast at det blir gitt ei rekke tilbod i soknet. Mange er aktiviserte, men Hopland synest samtidig at talet på gudstenestedeltakarar burde ha vore mykje høgare. Snitten pr. hovudgudsteneste har rett nok gått litt opp frå i fjor, men at berre 2 prosent av medlemene i kyrkja møter til gudsteneste er ikkje særleg imponerande. Hopland trøystar seg likevel med at kyrkjelyden har ein svært høg dåpsprosent. Og når det er sagt, strekar Hopland under, så ligg Ulstein kyrkjelyd høgt på statistikken på mest alle plan, "ikkje berre i vårt eige bispedøme, men på landsplanet. - Det gler vi oss over, utan at vi blir STORE på det! skriv han til Ulstein kyrkjelyd.