Hamar-musikantane varma opp med tyrolarmusikk på Hareid Hotell laurdag kveld. I midten Audun Garshol. Foto: Leiv Arne Grimstad

Konserten, som har fått namnet "Så seile vi på Mjøsa - til - Ut mot havet", er ein del av Hareidsstemna 2010. Det nasjonale sprint-ikonet Audun Garshol frå Hareid er leiar for Hamar-musikantane, som la i veg vestover fredag - og fekk ei flott oppleving då dei køyrde Trollstigen og vidare inn til Geiranger i det vakraste haustvêr som tenkast kan.

Laurdag spelte dei i gatene på Hareid - og både denne dagen og søndag har dei øvt på programmet og vore gjennom lydprøver. Ein visitt på Ishavsmuseet stod på programmet før den siste oppladinga til konserten.

Publikum kan vente seg ein svært variert konsert med ei rekke klassiske og populære perler. Det deltakande "Audun-koret" er ei samling på vel 40 lokale songarar, som har øvt inn "Fangekoret", "Eg veit i himmerik ei borg" og den mektige "Triumfmarsjen" frå Verdi-operaen Aida.