Miljøprogrammet består av ein nasjonal del med nasjonale mål og føringar, ein regional del forvalta på fylkesnivå, og ein lokal del med kommunale strategiar og miljøplan for kvart einskild gardsbruk. Det er gjennom jordbruksavtalen sett av midlar til miljøprogrammet, og Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal får i år 17,7 millionar kroner av desse midlane. Det er ein halv million kroner meir enn i fjor. I 2005 etablerte Møre og Romsdal fylke åtte tilskotsordningar for å møte dei regionale miljøutfordringane. Alle føretak i jordbruket som har rett til produksjonstilskot og har Miljøplan trinn 1 kan søke om tilskot til: ? Seterdrift med mjølkeproduksjon ? Beitelag ? Drift av bratt areal ? Utsett jordarbeiding av areal med korn eller eittårig raigras ? Stell av automatisk freda kulturminne på innmark ? Beiting med husdyr i utmark ? Dyrking av fôr i fjellet ? Areal i soner med særleg verdifullt kulturlandskap. Det er slike soner i kommunane Sunndal, Nesset, Rauma, Stordal, Stranda, Norddal, Ørsta, Herøy, Giske, Midsund, Fræna, Eide, Averøy, Smøla og Haram. Søknadsfristen er 20. august, utanom for beitelag der søknadsfristen er 1. november. Etablerte føretak har fått tilsendt rettleiingshefte og søknadsskjema. Nye føretak kan få søknadsmateriell hos kommunen. Utfylte og signerte skjema sendast til kommunen.