I kommunestyremøtet sist torsdag vart Måseide takka for den mangeårige innsatsen - og lagnaden ville det slik at det var ordførar og ektefelle Hannelore som bar fram takk og gåve frå kommunestyret. Ordføraren opplyste at avtroppande helsesjef har hatt ansvar for å fremje helsa til innbyggarane i Ulstein og sjå til at “helseøydande ting ikkje fekk foregå”. Ulstein kommune har vore tidleg ute med fleire tiltak på området, bl.a. ”eldreundersøkelsen” – og Ulstein var også den første kommunen med 24 timars nattevakt på heimesjukepleiesida. Hannelore overrekte ektefellen ei bok (bildet). Dei tilstadesverande fekk ikkje sjå avtroppande helsesjef pakke ut boka, men mottakaren var ganske sikker på at det var ei bok om Hurtigruta, som ordføraren sjølv hadde valt ut fordi der var to sider om Ulstein. Torbjørn Måseide sa i takketalen at det hadde vore ei inspirerande tid. - Eg har hatt frie tøylar og føler at eg har fått gjennomført mykje. – Eg har framleis masse idear, men eg er ikkje sikker på at eg har det same gå-på-initiativet, sa han og la til at han blir gåande som lege på Ulstein legesenter ei stund til – ”viss dei ikkje hiv meg ut”. Måseide meinte at vekslinga mellom ulike stillingar desse åra truleg var det som hadde fått han til å vere i Ulstein kommune så lenge. – Eg trur ikkje eg hadde vore her så lenge dersom eg berre var allmennpraktiserande, sa han.
Nyhende →
Måseide sluttar som offentleg lege i Ulstein etter 36 år
Ulstein kommune har hatt berre to offentlege legar på dei 60 åra som har gått sidan 1948-49. Den første var Osmund Røyneland, den andre Torbjørn Måseide, som no takkar av etter 36 år som distriktslege, kommunelege og helsesjef.