Verdens aktivitetsdag markerast 10. mai kvart år med arrangement spreidd rundt om i heile landet. Gro Harlem Brundtland, tidlegare leiar for Verdens helseorganisasjon (WHO), etablerte Verdens aktivitetsdag, eller «Move for Health Day» som dagen heter internasjonalt, i 2003.

Ein ønskjer å rette merksemda mot fysisk aktivitet som kjelde til glede og overskot, helsegevinstane ved fysisk aktivitet og aktivitet som førebygging av livsstilssjukdommar. Årets tema i Norge er «Aktiv kvardag».

Aktiv kvardag

Dei yngste barna er best på fysisk aktivitet i kvardagen, og vi har alle noko å lære av dei minste. I løpet av 5-6 år, frå 2005 til 2011, har 9- og 15-åringene auka tida dei sit stille med 40 minutter dagleg. Det tilsvarar 240 timer meir i året. Aktiviteten i kvardagen går generelt ned. Vaksne har ofte stillesitjande arbeid, og både unge og vaksne fyller fritida si i større eller mindre grad med stillesitjande aktivitetar som til dømes nettsurfing, dataspel og tv. Det er viktig å ha aktivitetsvennlige nærmiljø for å stimulere barn, unge, vaksne og eldre til aktive val i kvardagen – kvar dag.

Barn og unge anbefalast å vere aktive minst 60 minuttar i løpet av dagen. Vaksne og eldre anbefalast å vere moderat aktive i minst 30 minuttar kvar dag eller 3,5 timer i løpet av veka. Aktiviteten kan deles opp i bolkar på ti minuttars varighet, til dømes rask gange. Ein oppmodar til at den enkelte tar val som fremmer fysisk aktivitet i kvardagen – bruk trappa til dømes!

Sykle eller gå til arbeid

Ulstein kommune ønskjer at innbyggjarane skal legge inn ein ekstra innsats for å vere fysisk aktiv denne dagen.

– For dei som skal på jobb oppmodar vi alle til å bruke sykkel eller gå til arbeid. Er du skuleelev og har fri denne dagen så oppmodar vi deg til å vere aktiv ute, og kanskje bli med på opplegget vi har lagt opp til, skriv kommunen i ei pressemelding.

Dei samlast først ute ved Frivilligsentralen på Skollebakken der Folkehelsekoordinator vil halde ein appell. For så å gå ein tur til Alvehaugen der det blir utdelt frisk frukt og drikke frå Rema 1000 til deltakarane.

– Turen på éin kilometer frå Skollebakken til Alvehaugen er først og fremst retta mot små born og eldre. Men dei som vil må gjerne vere med, skriv kommunen.

Programmet for dagen er som følgjande:

  • Appell ved folkehelsekoordinator Kine Andersen utanfor Skollebakken

  • Tur frå Skollebakken og opp mot Alvehaugen, varigheit ca ein halv time

  • Utdeling av frukt og frisk drikke på Alvehaugen

  • Leik/anna aktivitet. Ute v/Alvehaugen