Fantastiske Osberget skal saman med IL Hødd Fotball (Hødd TV) gi ut ein svært spesiell DVD til jul.
DVD-en vil innehalde heile cupfinalen, cupfinalevideoen ”Stolt på Ullevaal”, stemninga i Oslo og på Youngstorget med ”Sjøgata”, ”Den blå timen”, ”Cupfinaleshowet” og den nye filmen ”Liten, men stor”. Med andre ord innslag som du aldri har sett før.
I filmen ”Liten, men stor” får du høyre dei innerste tankane frå mellom andre Lars Arne Nilsen, Ørjan Håskjold Nyland, Kjetil Hasund, Fredrik Steen, Andre Nevstad, Linda Heltne, Kristine Brungot og ikkje minst Andreas Rekdal som avgjorde det heile med siste straffesparket.
Produsent Åge Arne Grimstad og regissør Ragnar Hatlø i Fantastiske Osberget kan freiste med to DVD-ar. Utgjevar er Fantastiske Osberget i samarbeid med IL Hødd Fotball (Hødd TV).
– Det blir ei unik samling som alle med Hødd-hjarte bør ha i samlinga si, seier Grimstad.
Få ditt klipp på ”gullfilmen”
No har du sjansen til å få med dine eigne klipp i gullfilmen.
– Har du film eller bilete i samband med cupfinalehelga so vil vi gjerne ha tak i desse. Alt kan brukast – frå mobil til kamera. Dette kan vere alle slags klipp, oppmodar Grimstad.
Filmklippa kan sendast inn til: aage.grimstad@osberget.no.