Både politi, brannvesen og ambulanse kom raskt til staden. Sunnmøre politidistrikt fekk melding om brannen klokka 22.44.
Klokka 23.30 fortel politiet på staden at det befann seg berre ein person i bustaden, og at personen kom frå brannen utan skader. Det var han sjølv som varsla om brannen.
Brannen er under kontroll og sløkt. Bustaden har ikkje fått noko utvendige skader.
Men operasjonleiaren fortel at personen må finne seg ein annan stad å spandere natta.
Politiet på staden har mistanke om at brannårsaka er knytt opp mot ein vedomn i stova. Dette er framleis usikkert. Saka vert etterforska av Ulstein og Hareid lensmannskontor.