Politiet melder om to ulykker med bil i Ulstein natt til søndag.
Like før klokka 5 sjekka politiet ut ein personbil som hadde hamna på taket i rundkøyringa på fylkesveg 60 ved Ulsteinvik sentrum. Den 18 år gamle føraren vart køyrd til Volda sjukehus for sjekk, men tilbakemeldinga derifrå var at han ikkje hadde skadd seg. Det er heller ikkje mistanke om promille, men saka blir likevel etterforska vidare.
Om lag ein time seinare, litt før klokka 6, sjekka politiet ut ein personbil som hadde køyrt av vegen ved Garnes. Heller ikkje her var det personskadar, men bilen hadde diverse tekniske manglar og vart avskilta på staden.
*
Politiet melder elles at det har vore mykje fyll rundt om på Sunnmøre denne laurdagsnatta, men at dei ikkje har hatt kapasitet til å rykke ut alle stader.