E.A. Smith as har kjøpt byggevareverksemda til Bygger’n på Hareid. Både lageret, butikken og uteområdet skal oppgraderast kraftig, opplyser dagleg leiar Odd Arve Riise.
Eigarane av Trelast as har bestemt seg for å satse alt på husbygging og kjøkken. I sommar selde dei derfor byggevareverksemda til E.A. Smith. Butikken skal framleis vere med i den landsdekkjande Bygger’n-kjeda, som er eigd av nettopp E.A. Smith.
– Trelast as er den største kunden vår på Hareid. Dei er blant anna forhandlarar av HIBA-hus, som også er eit Smith-selskap, fortel Odd Arve Riise.
E.A. Smith er ein landsdekkjande distributør av byggevarer, trelast, verktøy, stål, metall og armering. Historia til selskapet går heilt tilbake til 1869, og har i dag i overkant av 500 tilsette og ei årleg omsetning på ca. 2,7 milliardar kroner. Hovudkontoret ligg i Trondheim, med avdelingar stort sett over heile landet.
Utanom Bygger’n-kjeda eig og driv E.A. Smith dei landsdekkjande verksemdene Smith Stål og HIBA Hus.
Den totale omsetninga i selskapa deira er på 3,6 milliardar kroner.
Odd Arve Riise er dagleg leiar både for Smith Stål i Ålesund og Bygger’n Hareid. Han opplyser at vareutvalet i butikken på Hareid vil bli det same som før.
Han fortel at det skal bli ei kraftig oppgradering av anlegget på Hareid. Inne i lagerhallen er det alt kome portar i begge endane av lageret, slik at inn- og utkøyring skal gå lettare. Det skal også kome opp eit meir effektivt reolsystem.
Også uteområdet og sjølve butikken skal gjennom ei endring, slik at anlegget skal bli meir brukarvennleg.