Artikkelen hans stod først på trykk i Profonytt, prostatakreftforeininga sitt medlemsblad. Derfrå kom artikkelen vidare til Kreftkamp.no. No er han lest av 24.000 personar. Personleg har Hallbjørn fått mellom 180-200 telefonar.

- Men eg er ingen ekspert på kreft. Eg brukar berre eit gammalt kjerringråd frå Nepal, seier Hallbjørn på telefon frå Oslo, der han har budd i over 30 år.

Det var i 2002 Hallbjørn Hareide fekk konstatert ein agresiv for for prostatakreft. PSA-en hans (prostata spesifikt antigen) vart då målt til 25.

Tablettane slutta å verke

Etter ein omgang med strålebehandling var PSA-en komen ned i nesten null. Men etter nokre månader steig tala til 5-6, og han begynte med tablettar. Desse heldt sjukdomen i sjakk i sju år. Så byrja PSA-en å stige igjen. Tablettane verka ikkje lenger, og PSA-en kom opp i 31. Hallbjørn fekk beskjed om å begynne med cellegift.

Kvitløk og akevitt

Det gjorde han ikkje. Hallbjørn reiste i staden til ein klinikk i München der dei kunne slå fast at han hadde kreft i tre lymfeknutar like ved prostata.

Komen heim att til Norge fortalte ein ven heilt tilfeldig om eit mange hundreårig kjerringråd frå Nepal:

350 g kvitløk

2,5 dl akevitt

Blandinga skal kvernast til ei tjukk deig i ein kjøkkenmaskin, og skal deretter stå i kjøleskapet i 20 dagar. Då skal safta skvisast ut av deiga gjennom eit tynt klede. Ta vare på safta, kast deiga.

Ei lita teskei skal takast tre gonger dagleg, helst på tom mage. Safta varer i ca. 2,5 månader.

Etter 1,5 månader med denne kuren var PTA-en komen ned i 8, etter tre månader var PTA-en komen på 0.

Fire år etter er verdiane framleis null.

- Dei første åra gjekk eg på kontroll kvar tredje månad, no meiner legen min det er nok med kvar sjette månad, fortel Hallbjørn.

- Ti ville hestar klarer ikkje å få meg til å slutte med denne kuren. Eg skal ta han resten av livet, seier Hallbjørn Hareide.

Han veit om fleire i Hareid og Ulstein som brukar same kjerringrådet.

- Ei interessant historie

Overlege Victor Berge meiner historia til Hallbjørn Hareide er interessant, men understrekar at det må meir forsking til før det kan gjevast ei generell tilråding om å bruke kvitløk til lækjing.

Victor Berge er overlege ved urologisk avdeling Aker, Oslo Universitetssykehus, og har vore legen til Hallbjørn Hareide i mange år. I ein kommentar til Hareide sitt innlegg i Profo-nytt, skriv berge blant anna at kvitløk er ei av dei eldste kjende medisinplantene, og blir brukt mykje som helsekost.

Berge skriv også at cellestudier har vist at ein viktig bestanddel i kvitløk introduserer celledød i humane kreftformer. Prostata-cellekultur er også av humane prostataceller transplantert på mus.

- Denne pasienthistoria gjeld prostatakreft der gitt behandling har svikta, og dette er lite omtalt i litteraturen. Ei studie frå 2008 viste at eit anna stoff ekstrahert frå kvitløk hadde ein gunstig effekt på kreftceller som var kastrasjonsresistente, men også denne studia vart gjort i celle.kulturar, skriv Victor Berge, som altså understreka det trengst meir forsking, og at enkel kasuistikk ikkje er nok.