Ein ung mann, busett på Hareid, er dømd til fengselsstraff i eit år og åtte månader – og til å betale ein tidlegare sambuar 100.000 kroner i oppreising etter vald over lang tid.

Dommen vart avsagt i Sunnmøre tingrett 22. april, og inkluderer  også tap av førarrett for alltid.

Valden mot sambuaren starta i august/september 2008 og tok ikkje slutt før den fornærma i mai 2011 vart innlagt på psykiatrisk avdeling.

- Minst 100 gonger

Kvinna meiner den tidlegare sambuaren har banka henne minst 100 gonger. Han har dunka hovudet hennar mot møblar og inventar, kasta kniv etter henne, slått henne så hardt at ho enda på sjukehus med hjerneristing, tatt kvelartak på henne og slått henne i andletet med knytt hand. Ho oppsøkte lege, og det vart konstatert brot i nasebeinet.

Valden har stort sett skjedd når mannen har vore rusa på alkohol eller narkotika.

Kvinna ber i dag preg av påkjenningane ho har gått gjennom, og går fast til samtalar med psykolog.

Med i straffeutmålinga er også ein episode i Ulsteinvik natt til 17. mai 2011 då mannen slo til ein russ. Og for bilkøyring i rusa tilstand i august 2011. Køyringa førte til eit trafikkuhell der det oppstod materielle skader.

Domfelt fire gonger før

Mannen er domfelt fire gonger tidlegare. Blant anna for lekamsfornærming og promillekøyring.

Seks månader av fengselsstraff på eitt år og åtte månader er betinga, med ei prøvetid på to år.

Han skal også betale ei bot på 12.000 kroner til statskassa.