Håpet er at dei nye, større lokala til NMS i Ulsteinvik kan føre til at endå fleire ser butikken og får lyst til å ta seg ein tur innom. Fyrst fortalde styreleiar i NMS i Ulsteinvik, Inge Kaldhol, litt om Det Norske Misjonsselskap, og om historikken til selskapet, som har 48 butikkar kring om i landet og i fjor hadde eit overskot på 17 millionar kroner.

- Det er mykje pengar som går gjennom dette systemet, pengar som går til vårt internasjonale arbeid i Asia, Sør-Amerika og Afrika. Den fyrste butikken blei opna på Sola i 1999, Ålesund var nummer tre i rekkja, og opna same året. I Ulsteinvik opna butikken i 2002, seier Kaldhol.

I Ulsteinvik har ein opplevd å selje godt med gjenbruksvarer gjennom alle desse åra, men behovet for å utvide meldte seg berre etter nokre års drift. Den fyrste butikken blei flytta til eit lokale like ved det fyrste i Kyrkjegata. No tok ein eit litt lengre steg, og flytta butikken til Sjøgata, i dei gamle lokala til Cubus og Sparebanken 1 Søre Sunnmøre.

- Vi gler oss til fortsetjinga, og her blir vi i overskueleg framtid, seier Kaldhol.

SSR-sjefen klipte snora

Einar Heimdal, dagleg leiar i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, hadde æra av å klippe snora for å erklære butikken for opna.

Men først hadde ein av Det Norske Misjonsselskap sine tre gjenbrukskonsulentar, Turid Øyre Øygard, nokre ord å kome med.

- Eg har med meg her i dag Karin Ertesvåg, tidlegare butikk- og styreleiar gjennom mange år, og noverande butikkleiar Anne Marie Hopland. Dei får æra av å halde bandet som Einar Heimdal skal klippe over, sa Øygard.

Heimdal takka for oppdraget, men hadde også nokre velvalte ord.

- Å drive ein slik butikk som dette er heilt i tråd med vår nasjonale avfallspolitikk. Det øvste målet vårt er å hindre at avfall blir skapt, men dette er vanskeleg i velstandssamfunnet vårt. Det nest beste er ombruk eller gjenbruk, og miljøvenleg handel. NMS sitt arbeid passar rett inn i denne kategorien. SSR er i same bransjen, og vi også har sterkt fokus på ombruk og gjenbruk. Mange er flinke til å kjøpe og nytte ting som har blitt brukt før, og dette er ein veksande trend også blant dei yngre. Samstundes er ein slik butikk ein sosial møteplass. Det er viktig for alle å ha ein slik god plass å kome til. Formålet med NMS sitt arbeid er også særs bra, seier Heimdal.

Med ei saks klipte han over bandet, og med det var butikken opna, til stor applaus frå dei mange frammøtte.

Etter opninga var det tid for eit velfylt sunnmørsk kakebord, ein kaffitår og ein god prat.