For 21. året på rad blir det gjennomført vårteljing av hjort i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta. Teljinga blir organisert lokalt i kvar kommune. Resultatet av teljingane er med på å gje eit godt faktagrunnlag for korleis ein skal forvalte hjortestamma på Søre Sunnmøre.

Teljingane blir utført med systematisk søk over all innmark natterstid. Under teljinga brukar ein kraftig lys, så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Det blir gjennomført teljing natt til laurdag 18. april og natt til laurdag 2. mai, frå midnatt og fram mot klokka seks. Teljinga går samstundes i alle kommunane.