– Det skal bli godt å bli ferdig, ja, seier Hansen, som er distriktssjef for Søre Sunnmøre i entreprenørselskapet PEAB- K. Nordang. Etter å ha beordra hjelm og vernesko på journalisten, tek han lokalavisa med på ein rundttur i anlegget, som etter planen skal vere ferdig i slutten av november.

Mykje makt

Ulstein Arena skal romme idrettshall, symjebasseng, klatrehall og bibliotek.

– Det blir veldig flott. Eg trur folk vil oppleve det som behageleg å vere her, seier Hansen, og peikar og forklarer om trevirket på veggane.

– Det er ullduk mellom trematerialet og isolasjon bakom der, noko som skal gje god akustikk.

Det er brukt kvistfri furu på veggane både i idretts- og symjehallen. Masse furu. Og det er flust med ulike vinklar.

– Det er eit veldig sterkt arkitektonisk uttrykk i bygget. Sidan dette var ein konkurranse, har arkitekten mykje makt, seier Hansen.

– Det er uvant for oss og det vert ein del meirarbeid, men resulatet vert utruleg bra. Arkitekten har gjort ein kjempejobb med utforminga av bygget, meiner prosjektleiaren.

Tunge glas

I idrettshallen er mykje ferdig. No står det igjen å montere sportsgolv, dører, rekkverk og sete. I garderobane vart flisarbeidet gjort i sommar. Også i symjehallen og biblioteket er arbeidet i rute. Rundt åtti mann, ingen kvinner, er no i dagleg sving på byggeplassen, og ifølgje Hansen legg alle ned ein kjempeinnsats.

Glas er eit gjennomgåande materiale i heile bygget. Masse glas. Dei tyngste glasa veg heile 800 kilo og blir monterte i desse dagar. Også heisen i bygget skal ha glasveggar.

Eg kjenner eg blir litt uroa for vindaugspussinga..?

– He he, eg reknar med at byggherren har ein plan for det, seier Hansen.

Positive

Vidar Wåge Hansen meiner han har lært noko kvar dag på Ulstein Arena.

– I dette faget vert du aldri utlært, seier han. Som innfødd får han ein del spørsmål frå folk flest om prosjektet.

– Dei fleste er positive, det blir eit enormt løft for bygda. At det har vore litt støy, er berre naturleg i eit offentleg prosjekt.

– Det er eit fantastisk bygg, berre sjå kor fint det ligg i terrenget her, seier Hansen.

Glas: Ulstein Arena har store flater med glas. Dette er frå symjehallen, som har utsikt mot sentrum. FOTO: LInda Eikrem Foto: Linda Eikrem