- Eg blei veldig letta og veldig glad då eg fekk vite det. Det er deilig å vere ferdig med det no. No kan eg sleppe å gå lenger og vente i spenning, seier Glen Børge Løset Flø til Vikebladet Vestposten.

I ei pressemelding beklagar kommunen at Glen Børge Flø vart mobba og hadde vonde opplevingar i skulekvardagen, utan at kommunen lukkast i å stanse det. Kommunen skriv også at dei aksepterer domen, der retten slår fast at Flø vart mobba gjennom grunnskulen.

- Det er bra at dei faktisk erkjenner at det har skjedd, og at dei tek endeleg tek ansvar, seier Glen Børge.

- Har ikkje tenkt på det

I tida fram mot handsaminga i formannskapet, har Glen Børge Løset Flø tenkt minst mogleg på kva avgjersle politikarane ville kome fram til.

- Eg har prøvd å få det litt på avstand. Eg gjekk i grunnen berre og prøvde å konsentrere meg om andre ting medan eg venta på utfallet.

Lokalavisa fekk tak i Glen Børge berre eit par minutt etter at pressemeldinga kom ut.

- No kjenner eg berre på ei stor glede. Eg veit familien min har tenkt mykje på kva utfall denne handsaminga ville få, og no tenkjer eg vi alle er veldig glade for at det gjekk slik vi hadde håpa, seier han til slutt.