Då ballbingen vart sett opp for ein del år sidan, vart det inngått ein avtale om at Hareid Idrettslag skulle stå for vedlikehaldet. Og den avtalen har dei halde. I vår reparerte og måla seniorgruppa i idrettslaget gjerdet rundt bingen, og no har dei også lagt nytt dekke. Ein av dagane fekk dei hjelp frå nokre av elevforeldra.

Kosta 100.000 kroner

– Men dekket kom på om lag 100.000 kroner, og det var meir enn vi kunne makte åleine, fortel Harald Møller i Hareid Idrettslag, som også er sjef for Seniorgruppa.

Han tok derfor kontakt med Sparebanken Møre, som sa seg villig til å spandere halvparten av summen. Noko Møller set stor pris på.

Sparebanken Møre dekkjer halvparten

– Vi har vore med på å sponse ballbingar over heile Møre og Romsdal, og no er tida komen for vedlikehald. Vi ser at det er viktig for lokalmiljøa å ha slike samlingsplassar, både for store og små, seier banksjef Melinda Skeide i Sparebanken Møre, Hareid.

Ho legg til at banken er hovudsponsor for Hareid Idrettslag, og at det også gjer det naturleg å støtte prosjektet.

Hanne Urke er lærar ved Hareid skule. Ho fortel at ballbingen er svært mykje i bruk i skuletida.

– For at alle skal få bruke han har vi blitt nøydde til å innføre eit system. 1.- og 2.-klasse deler ein dag, det same gjer 3.- og 4.-klasse, medan 5.- og 6.-klassingane får boltre seg i bingen kvar sin dag.

I tillegg blir ballbingen brukt mykje også på kveldstid.

– Her er ikkje så mange andre leikeapparat ved Hareid skule, så vi som er tilsette her synest det er svært kjekt at vi har ein så fin ballbinge, kommenterer Hanne Sofie Urke.

Fysisk aktivitet

Harald Møller seier at ballbingane ikkje er tenkt som ein lekk i talentutvikling av nye fotballstjerner.

– Vi ser på ballbingane som ein boltreplass for fysisk aktivitet. Her skal alle få vere med, uansett talent, slår han fast.

I Hareid kommune er det totalt fire ballbingar. Ein i Hjørungavåg, ein på Bigset, ein i Brandal – og ein ved Hareid skule.

Desse karane (og nokre til) i seniorgruppa til Hareid IL har lagt mesteparten av det nye dekket. Frå venstre: Odd Brandal, Hans Petter Rise, Henrik Fjelly, Per Johan Rise, Kurt Jonny Brandal og Harald Møller. Foto: Leiv Arne Grimstad