Ivar Mork i Ulstein AP meiner at det er eit misforstått ønskje om å verne klientane sine – ikkje vond vilje – som ligg bak det han hevda hadde vore dårlege samarbeidsforhold då kommunerevisjonen skulle granske det interkommunale barnevernsarbeidet på Søre Sunnmøre.
Sunnmørsposten skriv i dag at Volda-rådmann Rune Sjurgard – som den øvste ansvarlege for det interkommunale barnevernssamarbeidet mellom Volda, Ørsta, Ulstein og Hareid - ikkje har tenkt å ta tak i påstandane om at samarbeidsforholda mellom kommunerevisjonen og barnevernet var dårlege.
Mork hevda dette då Ulstein kommunestyre nyleg behandla ein revisjonsrapport om barnevernet si oppfølgjing av barn under omsorg. Mork sa då at «det ikkje var lagt godt tilrette for at revisjonen skulle få utføre dette arbeidet, snarare tvert om».
Sjurgard seier at han ikkje har nokon føresetnad for å svare fordi det er kontrollutvalet som er oppdragsgjevar for revisjonen sitt arbeid – og dei har ikkje teke opp spørsmålet med han.