Holen Bjørdal fekk omvising på sjukeheimen, og fekk mellom anna sjå den nye sansehagen og høyre om fleire av aktivitetane og tilboda sjukeheimen har for bebuarane.

Undervegs i omvisinga vart det mellom anna sett fokus på korleis ein kan skape meiningsfulle kvardagar for sjuke og eldre. Stortingsrepresentanten rosa initiativet til sansehagen og meinte at eit slik tilbod er med å skape meining i folk sin kvardag.

I samband med dette fortalde Holen Bjørdal om ein idé Arbeidarpartiet har når det gjeld å halde oppe aktivitetstilbodet til eldre, utan at det skal gå utover arbeidet til dei tilsette.

– Vi ser på mogelegheitene for å byggje ut studenthyblar i tilknyting til sjukeheimar. På den måten kan studentar bu billig mot at dei bidreg nokre timar i veka til å skape meiningsfulle kvardagar for bebuarane på sjukeheimane, sa Holen Bjørdal og inviterte dei tilsette på sjukeheimen på Hareid til å kome med innspel.

Som eit ledd i dette gjekk samtalen vidare i ernæring og dei nye middagstidene hjå sjukeheimen, men også dette med sambuargaranti. Oddrun Alme Mork fortalde korleis kommunen og sjukeheimen arbeidar for å få på plass dette. Dette har til no vore frivillig for kommunane å innføre, men Holen Bjørdal seier at om Arbeidarpartiet kjem i regjering, så vil partiet forlange at alle kommunar innfører sambuargaranti.

Velferdsteknologi og styrking av kompetanse

Ei viktig sak for Arbeidarpartiet i denne valkampen har vore endring av eldreomsorg. Dette vart naturlegvis også diskutert då Bjørdal Holen var på besøk hjå sjukeheimen på Hareid i dag. Andrekandidaten sa at partiet vil setje av 1 milliard kroner til velferdsteknologi fordelt på fire år.

– Desse midla vil bli gitt til kommunar som har planar, idear og prosjekt som omhandlar velferdsteknologi. Og dei vil bli gitt basert på søknadar, sa Holen Bjørdal og oppmoda sjukeheimen til å søkje.

– Gode idear kan like godt kome herifrå som Austafjells, sa han.

Eit anna viktig aspekt i denne samanheng er korleis ein skal klare å halde kompetansen til dei tilsette på topp i takt med teknologiutviklinga.

– Arbeidarpartiet vil ha ei stor kompetanse-reform. Vi er nøydde til å heile tida styrke kompetansen til dei offentleg tilsette for å ikkje bli utkonkurrerte av private aktørar. I staden for kursing på eit klasserom, har eg har tru på læring på arbeidsplassen, sa Holen Bjørdal.

Sjukeheimen på Hareid har allereie på plass ei ordning som bidreg til dette. Dei har faste fagutviklingsdagar som er ein del av turnusen til fleire av dei tilsette. Dette for at alle skal kunne møtast på tvers av turnusar, for å kunne diskutere og utvikle korleis ein saman skal arbeide vidare. Holen Bjørdal lytta interessert då Oddrun Alme Mork, Nina Ulstein, Christina Aasen-Helvig og Unni Bergdal prata om dette.

På spørsmålet til Holen Bjørdal om korleis ein kan rekruttere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til eldreomsorga i framtida, var svaret til dei tilsette hjå sjukeheimen på Hareid mellom anna akkurat dette: faglege oppdateringar i form av for eksempel fagutviklingsdagar.

– Å få fleire ungdomar i arbeid

Før Holen Bjørdal var på veg vidare på bedriftsbesøk til Jets, fekk han spørsmål om kva hans viktigaste valkampsaker er. På det svarte han:

– Det er veldig mykje som ligg meg nært til hjartet. Ein ting er den ideologiske retninga i Noreg, der eg meiner vi må stanse høgrepolitikken sin frammarsj, fordi det fører til eit kaldare samfunn med større forskjellar mellom dei som er på toppen og dei som er på botnen. Når ein ser Høgre og Frp som går til val på nokre vanvittige skattekutt, samtidig som vi veit at handlingsrommet på statsbudsjettet blir trongare i åra framover, så er det interessant å høyre at dei nektar å fortelje kvar dei skal hente pengane frå. Skal det kuttast i skule, helse, eldre eller barnehagar, det får vi ikkje svar på. Vi vel ein anna veg. Eg vil ikkje gi ei krone i skattekutt før vi har løyvd nok til skule, helse, eldre og barnehagar, sa han og la til:

– Mi viktigaste kampsak i denne valkampen er at det er så mange folk, særleg unge menn, som står utanfor arbeidslivet. Og det er veldig alvorleg både for dei det gjeld og for samfunnet. Vi har ikkje råd til det som samfunn. Og vi veit at viss ungdom blir ståande utanfor arbeidslivet ei stund, så er det ei stor fare for at dei blir ståande utanfor heile livet. Det kan ikkje vi som samfunn stå og sjå på. Det er mi viktigaste kampsak, for dette må vi gjere noko med, å få fleire ungdomar i arbeid.

Vikebladet Vestposten var ikkje med på bedriftsbesøket hjå Jets fordi bedrifta ikkje ynskte pressedekning.