I morgon, torsdag 15. desember, skal budsjett- og økonomiplan opp til handsaming i Hareid kommunestyre. På budsjettet for 2017 er det blant anna sett av 2,5 millionar kroner til tiltak for å renovere kontor på Hareid rådhus, og til å fjerne lysarmatur som inneheld PCB.

Vikebladet Vestposten har hatt oppslag og intervju med hovudverneombod Endre Johan Ose om saka. Og dette har fått Fylkesmannen i Møre og Romsdal til å sende eit brev til Hareid kommune. For Fylkesmannen sit med eit brev datert 27. februar 2009 der Hareid kommune stadfester at all PCB-armatur er fjerna og levert til godkjent mottak for slikt avfall.

Forbod frå 1.1. 2005

Men folka til Fylkesmannen følgjer tydelegvis med på kva som blir skrive i lokalavisene, for same dag som artikkelen stod på trykk i Vikebladet Vestposten og på nett, vart det forfatta eit brev frå Fylkesmannen til Hareid kommune:

– I dagens utgåve av Vikebladet Vestposten kan ein lese at det enno finst PCB-haldig lysarmatur i Hareid rådhus. Dersom dette er tilfelle, er det eit tilhøve som Fylkesmannen ser alvorleg på, står det i brevet der det blir presisert at det frå 1.1. 2005 vart innført forbod om å ha innandørs lysarmatur med PCB-haldige kondensatorar.

– Skulle det finnast kondensatorar som enno står igjen, må desse straks fjernast og leverast til godkjent mottak, skriv Fylkesmannen.

Analyse i 2014 avdekte PCB

Geir Myklebust, einingsleiar for kommunal eigedom i Hareid, kan ikkje gi noko fullgod forklaring på kvifor det i 2009 vart rapportert inn til Fylkesmannen at all PCB-armtur var fjerna. Myklebust jobba ikkje i Hareid kommune i 2009, men han har fått opplyst av folk som jobba med saka i 2009 at det vart tatt prøver, og at det då viste seg at armaturen ikkje inneheldt PCB.

– Det var elektrikarar som plukka ned armaturen og sende dei inn til laboratorium. Armaturen var plukka ut vilkårleg, og kanskje er det rein armatur som har blitt sendt inn til analyse, medan urein stod att, seier Myklebust. Han understrekar at han ikkje kan seie dette sikkert. Det er berre ein teori. Det som er sikkert, er at det i 2014 vart gjennomført ein analyse for å finne ut om det var meir armatur med PCB att i kommunale bygg.

– Prøvene i 2014 viste at det var PCB i all armaturen ved Hareid rådhus som elektrikarane tok ned og sende til analyse, fortel Myklebust. Han legg til at i dei andre kommunale bygga, blant anna på skulane, er armaturen rein.

2,5 millionar kroner til utskifting av armatur på Hareid rådhus kan høyrest ut som ein solid sum.

– All armatur skal skiftast ut, og det må jordast på nytt, forklarer Myklebust.

Ikkje oppgradering av toaletta

Budsjett og økonomiplan skal altså opp til handsaming i Hareid kommunestyre torsdag kveld. Blant tiltaka rådmannen ikkje har funne plass til er oppgradering av garderobe- og toaletttilhøva ved alle skulane i kommunen.

Heller ikkje oppgradering av toalettet i Hareid kyrkje, som ikkje har universell utforming, har kome med på rådmannen sitt forslag.