Det er Ove Liaset som fortel dette som svar på artikkelen «Har hjorten vore her alltid?» her i avisa 12. mai. I denne artikkelen vart det referert til at «den første hjorten» på Hareidlandet vart skoten på Ulset i 1956 av Magne Ulset.
Men der hadde vore gjort observasjonar før dette. Petra Liaset (seinare gift Korshaug) og søstra Oddlaug (seinare gift Rise) var oppe i bakkane på Liaset våren 1947 og rydda og brende. Då såg dei tre hjortar. Dette var høgst truleg dyr som hadde kome symjande over Vartdalsfjorden.
Det som kanskje strekar endå betre under kor få hjortar som fanst på øya den gongen, er at Ove Liaset si bestemor, Lovise Karlsdotter Bjåstad, som var fødd i 1866 og døydde i 1959, såg hjort for første gong i sitt liv i 1958 – året før ho døydde. Også det på Liaset. Ho hadde altså aldri sett snurten av dette dyret i løpet av dei 92 leveåra til då.
Skaut Gullik Fjelle «den siste hjorten»?
Idar Kaldhol har også ein kommentar til temaet. Han fortel at det i Kaldholen verserer ei historie om at Gullik Fjelle frå Tjørvåg skal ha skote «den siste hjorten» på Hareidlandet. Dotter til denne Gullik, Eli, vart gift med Elling Kaldhol på bruk nr. 1 i Kaldholen i 1796.
Dersom det er tilfelle at «den siste hjorten» vart felt kring århundreskiftet 1700/1800, er dette uansett eit vitnemål om kor hjortefritt det var i dei påfølgjande tider – fram mot midten av 1900-talet.
– Elles hadde Lars E. Bjåstad sett hjorten på bussturane sine rundt Snipsøyrvatnet tidleg på 50-talet, fortel Idar. – Oss småungane fekk ofte vere med han på desse turane. Vi speida etter hjort, men eg kan ikkje hugse at eg såg nokon. Men Lars hadde sett.