- Det heile starta med ein idè om at ein enkelt og greit kan velje slumre-tid når alarmen fyrst går. Har ein mogelegheit til å sove litt lenger ein morgon, så skal det berre ved eit lite tasteklikk vere mogeleg å forlenge denne tida til 10, 20 eller 30 minutt, i staden for å måtte gå inn å endre dette i innstillingane på mobilen, seier Jon Arne Ask som er ein av dei to som utgjer PJ Tech Norway.

I juli i fjor møttest Jon Arne Ask og Per Kristian Kile på ferie og bestemde seg raskt for å starte eit lite firma. I og med at begge to synast det er spennande å skape nye ting, fann dei ut at dei gjerne ville drive med teknologiutvikling på sida av jobbane sine. PJ Tech Norway vart etablert allereie i august i fjor.

- Vi arbeidar med litt ulike ting. Begge har erfaring med å utvikle ting i jobbsamanheng med hovudtyngd i data og elektronikk. Difor er det hovudsakleg utvikling av appar og nokre få konsept til bilindustrien vi fokuserar på, seier Ask.

Vekkarklokke-appen, Inteli Alarmklokke, som dei i dag lanserer gratisversjon for, har blitt til etter tallause arbeidstimar. Det som i utgangspunktet var ein idè om ein betre slumre-funksjon, har no utvikla seg til å bli ein vekkarklokke-app med funksjonar som kan passe dei aller fleste.

- Den kan brukast av alle, fordi ein kan personleggjere innstillingane slik at den passar til kvar einskild person. Den fungerar som vanleg alarm, du kan bruke den om du treng å ta deg ein "power nap", og den skal også vere god for dei som virkelig treng hjelp til å kome seg opp om morgonen, slår Ask fast.

Skal kunne vekkje dei fleste

Som tidlegare nemnt har den ein enkel slumre-funksjon som gjer at du raskt kan velje å slumre i 5-60 minutt. Den har også ein bevegelsessensor som du sjølv kan stille inn tida på. Den gjer at vekkarklokka ikkje stoppar å ringe med mindre telefonen har vore i bevegelse i så mange sekund den er innstilt på.

For dei som slit ekstra med å stå opp om morgonen, har den to ekstra funksjonar. Du har mellom anna mogelegheit å stille inn ei deaktiveringskode som du på skrive inn. Om du likevel sovnar til igjen, kan du også velje å sette på ein funksjon der du sjølv skriv ei melding og ein person denne skal sendast til, som deretter kan hjelpe deg å stå opp.

- Tanken her er at du rett og slett skal bli så flau av å ikkje stå opp. Her kan du til dømes velje at meldinga skal sendast til sjefen din, mora di eller ein partner. Dette vil kanskje ha ein psykisk effekt som gjer at du berre er nødt til å stå opp, seier Ask humoristisk.

Appen vart lansert for ei veke sidan som betalingsversjon, men i dag lanserer dei gratisversjonen. Dei håper det vil gjere terskelen lavare for folk å installere appen og håper mange vil prøve den ut. Appen er berre tilgjengeleg for dei som har Android-telefonar i fyrste omgang.