Politiet på Sunnmøre skriv i ei melding at dei natt til sundag måtte sende heim ein mann i 30-åra frå Ulsteinvik sentrum. Bakgrunnen var at mannen var berusa og plagsam, skriv politiet på Twitter.

Det har elles vore ei roleg natt for politiet på Hareidlandet, medan dei har hatt mykje å gjere til dømes i Volda. Der måtte politiet mellom anna ta hand om biltjuveri, ulovleg køyring og slåsting.