Veidekke Entreprenør har fått oppdraget med å bygge eit nytt kulturhotell i Fosnavåg.
Hotellanlegget skal ha tilleggsfunksjonar som konserthus, kino og ein skipssimulator for offshore-næringa.
Bygget blir på totalt 9.000 kvm. Hotellet skal ha 116 rom. I sjølve konserthuset skal der vere 450 plassar i amfiløysing. Der skal også vere ein skipssimulator for offshore-næringa.
Thon Hotels skal drive hotellet, som får byggestart i januar 2013 og skal vere fullført i august 2014.