Politiet og frivillige mannskap frå Raude Kross har sidan i går klokka 21.00 leita etter ein 24 år gammal mann. Mannen vart sist observert i Fosnavåg sentrum omlag klokka 0200 natt til laurdag 2. mai. Det er også gjort søk med 4 hundeekvipasjar frå Norske redningshunder utan resultat. Det har òg vore søkt med helikopter utan hell. Redningsskøyta Emmy Dyvi og mannskap frå Sivilforsvaret er også satt inn i leitinga. Den sakna mannen heiter Jens Gustav Kristoffer Hellström og er svensk statsborgar. Han er fødd 26. september 1984 og er tilsett ved ei lokal fiskeforedlingsbedrift. Hellström var kledd i grå hettegenser og dongeribukse då han forsvann. Politiet oppmodar alle som har sett mannen etter klokka 00.30 natt til laurdag 2. mai 2009 om å ta kontakt med politiet på Sunnmøre på telefon 70118700.

Jens Gustav Kristoffer Hellström (24) er sakna sidan natt til laurdag.