No i desember inviterer Nordea dei handlande på Hareid og i Ulsteinvik til å stemme på den  handelsbedrifta som dei meiner fortener prisen Årets Handelsbedrift.

– Desember er den viktigaste månaden for handelstanden og slik eit passende høve for dei handlande å gi  tilbakemelding  på opplevinga dei får i den einskilde butikk, seier bedrifstrågivar Leif-Per Breivik i Nordea.

Dei som vil gi stemme til ein butikk dei meiner fortener prisen spesielt, skal legge vekt på vareutval, service i butikken og  korleis butikken profilerer seg gjennom året.

– Nordea si hensikt med prisen er å auke kvaliteten og servicenivået innan handelsnæringa og samtidig setje fokus på handelsnæringa si betydning for kommunen, seier Breivik.

Dei som foreslår kandidatar til prisen, er med på ei trekking av andelar i Nordea-fonda og stemmesedlane finn du som annonse i avisa, eller kan hentast i banken.

Sjølve kåringa vil finne stad på nyåret.