- "Karl" er i god form. Eg var ute og leita ein annan plass, men ein kamerat som kjenner "Karl" fann han då han skaut eit skot i området ved Høgebrua. Han høyrde eit klynk, og så kom "Karl" springande mot han, fortel den letta hundeeigaren.

Erik Haakonsholm var på fuglejakt med hunden "Karl" i området ved Høgebrua tysdag ettermiddag. Klokka 17.30 forsvann hunden frå eigaren. Haakonsholm har sidan leita etter "Karl", til det var heilt mørkt i går kveld. Men utan resultat.

Tidleg onsdag morgon starta han leitinga på nytt.  Denne gongen hadde han fått med seg fleire til å søke i terrenget. Og klokka 09.45 kom "Karl" springande. I god form.

Bikkja hadde klart seg godt ei natt i fjellet i ein temperatur som tidvis kraup  ned mot 0-grader.