- Dette er ei stor ære og vi er takknemlige over å bli heidra, sa Arild Grimstad og Kari Janne Ringstad, som mottok prisen. Grimstad viste til den entusiasmen som er rundt Hareidsstemna og også til støtten fra kommunen, noko som til saman oppmuntrar til innsats år etter år. Leiar av fylkeskulturutvalet Rigmor Andersen Eide sa under pristildelinga at Hareid blir omtale som "korsongens vogge" i Noreg og at sang og musikk alltid har vore fundamentet for Hareid-stemna, men at dette har utvida seg gradvis sidan starten i 1962. Ho viste til at tilbodet i dag femner alle grupper og mange kulturuttrykk samt at dugnadselementet står sterkt. Fylkeskulturprisen er på 50.000 kroner og ein diplom.
Nyhende →
- Ei stor ære å få denne prisen
Under opninga av fylkestinget i Molde i dag, måndag, vart Hareidsstemna overrekt årets fylkeskulturpris.