Måndag 4. april starta Ulstein kommune opp opinionsundersøking om kommunereforma. Då vil Opinion AS telefonintervjue 500 innbyggjarar i Ulstein-kommune for å få deira meiningar om intensjonsavtalen mellom Ulstein, Hareid, Herøy, Vanylven og Sande.

– No håpar eg at folk tek telefonen og tek seg tid til å seie si meining om kommunereforma. Det er ikkje så veldig mange spørsmål og tek ikkje så lang tid, seier Engh.

– Vi ønsker blant anna å finne ut i kva grad folk er for eller imot at desse fem kommunane skal slå seg saman. Vi vil også vite om folk meiner det vil verte meir eller mindre attraktivt å bu i regionen vår viss dei fem kommunane dannar ein ny kommune, held ordføraren fram.

Engh fortel at ein også vil spørje om kva innbyggjarane ønskjer dersom det ikkje skulle verte noko av storkommunen på ytre Søre.

– Her vil undersøkinga gje viktige svar, slår Engh fast.