Mange har venta på sol og varme denne sommaren, og no er sola her. Endeleg. Det skal bli stadig varmare utover dagen og kvelden. Temperaten skal kome opp i 22 gradar i Ulsteinvik, i følgje Yr.no.

I morgon, torsdag, blir det endå varmare. Då kjem temperaturen opp i 27 gradar.

Rundt klokka sju torsdagskvelden kjem det ei regnbyge, men ho gir seg fort.

Fredag synk temperaturen igjen ned til rundt femten gradar, då kjem det også regn og lyn. Helga ser bra ut, men neste veke vil det regne igjen.

Så om du har planar om å sole deg, eller la ungane få bade i plaskebassenget, bør du vere snar. Fredag kan det som sagt vere for seint...