Etter ei helg med varierande vêr, ventar meteorologane at sundagskvelden og måndag skal levere brukbart, men kjølig vêr på Sunnmøre. I løpet av natt til 16. mai kan temperaturen kome ned mot null grader.
Ut på kvelden måndag kan det også kome noko nedbør, og denne får vi truleg også merke tysdag, på 17.mai.
Meteorologane meiner nemleg at det truleg blir ein del nedbør på nasjonaldagen, og at ein kan få liten kuling på kysten. Heller ikkje temperaturane er så mykje å juble for. Midt på dag tysdag er det venta om lag fem grader.