For gurskingen Olav Myklebust har kampen for vigsel i Den norske kyrkja også vore personleg.

- Eg ser fram til å kunne gifte meg i mi eiga kyrkje. Det einaste problemet er at eg saknar nokon å gifte meg med. Det er eit problem eg får løyse, sa Myklebust frå talarstolen under kyrkjemøtet.

Myklebust er medlem av bispedømerådet i Møre bispedøme, for Åpen Folkekirke. Under kyrkjemøtet blei han for fyrste gang valt inn i Kyrkjerådet. Kyrkjerådet er eit utøvande organ for Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja.

- Eg blir ein av dei 15 som skal vere med og legge stien vidare for kyrkja, og det er eg veldig stolt over, seier Myklebust.

- Gledeleg hending

Då saka om vigsling av homofile kom opp til endeleg avstemming under Kyrkjemøtet måndag, var det eit fleirtal på 88 av dei 115 delegatane som til slutt stemte for den nye liturgien.

- Det er eit enormt viktig signal ein sender, då ein hadde eit så solid fleirtal bak det som no blei vedtaket. No har vi fått vedteke at det skal gjerast, og så blir arbeidet å få på plass liturgien til januar neste år, då det er klart for nytt kyrkjemøte. For 1. januar 2017 blir kyrkja som kjent eige rettsobjekt. Det blir eit spanande arbeid å følgje med på, seier Olav Myklebust og legg til:

Les også: Kyrkja opnar for homofil vigsel

- Eg ser på dette som ei veldig gledeleg hending. Eg har fått vore med på dette vedtaket, og det er ein stor dag for meg og mange, mange andre. Dette er ting vi har kjempa for lenge, og vi gjekk til val på dette, seier Myklebust til Vikebladet Vestposten.