– Eg har møtt eldre folk som meiner at dei i si tid jobba på den plassen. Sjølv om bedrifta aldri eksisterte! Eg skjønar at t-skjortene kan vere forvirrande, seier den utflytta ulsteinvikaren Geir Sindre Breivik på telefon frå Oslo.

I 2012 starta han og grafikaren Helge Marius Wiig frå Moltu å trykke opp t-skjorter med sunnmørske motiv, som dei selde via ei nettside. Merket fekk namnet Das Yacht etter diskolåten Das Boot.

Populært hos utflyttarar

Sidan har t-skjorter med fiktive bedriftsnamn som Sævik & Sønner Silderøykeri, Eggesbønes Oljehyre og Brødrene Ulstein Slipp & Mek, fått ein trufast kundegruppe. T-skjortene hyller lokale ord og uttrykk som «God Lonk No », og det maritime næringslivet. Det er hovudsakleg utflytta sunnmøringar som har lagt sin elsk på t-skjortene, fortel Breivik.

– Det er kanskje ein nostalgisk tanke i det, at folk som har flytta ut lengtar litt heim og vil vise kvar dei kjem frå. Og det finst jo ikkje så mykje lokale klede å velje i. Det finst motemerke i Fosnavågen, men det finst ikkje andre som har maritime motiv, seier Breivik.

Breivik jobbar til dagleg i eit produksjonsselskap i Oslo, og er også kjent som ein av arrangørane av Skjemtegaukfestivalen, som i fleire år blei arrangert på Kaffibaren.

Målet er å gå i «null»

T-skjortene er eit hobbyprosjekt som skal gå i «null», fortel han.

– Vi har ambisjonar om å lage to-tre modellar eit par gonger i året. I fjor hadde vi ingen nye, men fekk ein oppsving på salet ettersom Runde Miljøsenter førte t-skjortene. I år skal vi lage nokre nye, men elles er vi begge i full jobb, og ser på t-skjortene som ein morosam hobby. Så lenge vi ikkje taper pengar på det, er vi nøgde, seier Breivik.