Det var det året Karsten Warholm tok VM-gull, ishavsskuta. Polarstar kom heim til Brandal, Ulstein Arena opna, Kleven-konsernet fekk nye eigarar og NRK spelte inn tv-serien Heimebane på Høddvoll. Det var også det året Hareid og Ulstein hadde høg arbeidsløyse, Ulstein innførte eigedomsskatt, Hareid kom seg ut av Robek-lista og Hødd ikkje klarte å rykke opp til førstedivisjon.

Også internt i avisa var det endringar: Våren 2017 fekk Vikebladet Vestposten ny leiarmodell. Redaktør og dagleg leiar er no ein og same person.

Vi som jobbar i lokalavisa opplever at avisa framleis har stor verdi og gjer ein viktig jobb i lokalsamfunnet.

Heile rapporten kan du lese her. (Ekstern lenkje).

Fakta om Vikebladet Vestposten i året som gjekk

- Samla opplag på 3.660

- 12.000 daglege lesarar

- 6.200 daglege brukarar på nett

- 3.800 daglege brukarar på mobil

- 3.220 avissider blei produsert i 2017

- Avisa har 5 redaksjonelle årsverk