Conplan har søkt Hareid kommune om massedeponi på gnr 52, bnr. 2.

Graving og Transport ønskjer å bruke området til massedeponi. Når arealet er fylt opp til angitt nivå vil det bli dekka med jord for dyrking av gras. Tilsvarande er gjort på nabotomta, skriv søkjar.

Det er sendt ut nabovarsel. Naboane seier seg ikkje imot tiltaket. Ein nabo ønskte å setje i stand veite mellom eigedomen hans og omsøkt eigedom. Det har tiltakshavar planlagt å utføre. Elles var det ingen tilbakemeldingar på nabovarselet.

Idar Moldskred i Conplan søkte om dette i mars i år. I august sende han ei purring og lurte på korleis det gjekk med søknaden.

Gjennomsnittleg høgd på massedeponiet blir på 2,64 meter og vil ikkje gå over riksvegen.