Hylande statistar, "livlause" kroppar og ein gjerningsmann med våpen var nokre av utfordringane som møtte politi, brannvesen og helsepersonell, då dei gjennomførte ei såkalla PLIVO-øving i Ulsteinvik tysdag.
- Denne typen øving har vi no gjennomført i alle kommunane på søre Sunnmøre. Bakgrunnen er erfaringar ein har gjort seg, mellom anna etter 22. juli, då det fatale skjedde. Ein ser då på om ein kunne gjort ting på ein klokare måte og ein prøvar å utvikle dei metodane ein har, fortel øvingsleiar Odd-Arne Brynjulfsen frå politiet på Sunnmøre.
Han fortel at samhandlinga der ein får tidlegare bistand frå medisinsk personell og brannvesen, slik at ein kjem raskare igang med livredding er heilt essensielt.
- Det viser seg jo at på samtlege ulykkesstadar eller andre stadar vi opererer, så er gjerne både brann og ambulanse med. Dette er aktørar vi samarbeider mykje med i det daglege, og dei vil også vere ein svært aktiv part i slike situasjonar som ein pågåande livstrugande valdshandling vil vere. Vi må kunne utnytte ressursane til kvarandre på best mogleg måte, fortel Brynjulfsen.
Under øvinga vart det også trent på situasjonar der brann- og helsepersonell kjem først til staden.
- Ein opererer i eit stort område, og då kan det vere slik at politiet kjem i etterkant. Då må også vi vite korleis ein skal takle slike situasjonar, fortel branningeniør William Bernt Ekeli, som var observatør under øvinga.
Les meir om PLIVO-øvinga i torsdagsavisa.
Sjå video frå øvinga i toppen av saka. Vi gjer merksam på at videoen inneheld ein del høge lydar, mellom anna skyting, hyl og skrik.