Pål Midtsæther Grødahl frå Ulsteinvik, er valt som første vararepresentant til landsstyret i Venstre. Han blir fast møtande vara.

- Det er viktig for oss i Ulstein og Møre og Romsdal å ha politikarar som legg vekt på ein politikk som er berekraftig for regionen vår, kommenterer Grødahl.

Han vil arbeide for å styrke det maritime perspektivet ytterlegare inn mot politikken til Venstre.

Grødahl seier også at det blir naturlig å samarbeide med stortingsrepresentant Pål Farstad frå Kristiansund.