Koret har samtidig ”coverdugnad” på CD-en, som har fått tittelen ”NORDISK KORMENY – från grus til ädla stenar”
Tittelen gjenspeglar ein del av repertoaret, som er perler frå dei nordiske/baltiske landa.
- Koret har henta mykje inspirasjon utanfrå, men det meste av repertoaret er likevel nasjonalt og lokalt, opplyser dirigent Svein Eiksund.
CD-en har også musikk frå fleire av kommunane på Sunnmøre. Dette er musikk koret gjerne presenterer på dei internasjonale festivalane dei er med på, og som representerer spesielle opplevingar for koret.
Korleiar Inger Lise Lystad fortel at Sunnmøre Festivalkor har medlemmar frå 12 av kommunane på Sunnmøre – og så langt har delteke på seks internasjonale korfestivalar. På ein av dei siste – i Barcelona - hausta dei til overmål sjølvmedalje. Dirigent og musikalsk ansvarleg har heile tida vore Svein Eiksund, men fleire hjelpedirigentar har også vore i sving. Med på CD-en er Anne Berit Sandvik og Sølvi Myklebust.
Innspelinga ar gjort i Sæbø kyrkje, og det er Studio-3 med Øyvind Lied som står for teknikken.
Kor-CD-en blir etter kvart lagt ut for sal.