RS "Emmy Dyvi" måtte onsdag kveld rykkje ut etter melding om ein grunnstøytt båt nær Nerlandsøybrua.

- Båten er ein motorseglar og har gått seg på ein sandbanke på styrbord side, rett sør for Nerlandsøybrua, fortel mannskapet om bord i RS "Emmy Dyvi" til Vikeblade Vestposten.

Båten stod godt planta og hadde behov for hjelp. RS "Emmy Dyvi" skaut ut ei line til båten, slik at dei kunne drage den av sandbanken.

- Er båten skadd som følgjer av grunnstøytinga?

- Den er ikkje tilsynelatande skadd slik den ser ut no, fortel mannskapet til slutt.

Båten var laus og hang på slep etter RS "Emmy Dyvi" i 23-tida.

AIS-data frå RS "Emmy Dyvi" onsdag kveld, der ein motorselgar gjekk på grunn. Foto: AIS/MARINETRAFFIC.COM