Sidan det i år er 100 år sidan forfattaren Torbjørn Egner vart fødd, bestemte leiinga ved Bigset skule seg for å markere dette i kulturveka. Målet var å setje opp ein musikal med Egner-songar, og i løpet av veka vart tekster pugga, melodiar innøvde, scenografien laga og kostymer laga. Alle klasser frå 1.-7. var med på kulturaktivitetane, og både elevar, lærarar og assistentar gjorde ein kjempejobb.

Det heile kuliminerte torsdag med foreldrefest om kvelden. Ikkje eit sete var ledig i gymsalen då skodespelet starta. Frå start til slutt var framsyninga ein suksess. Det er imponerande å sjå både kor dyktige og kor disiplinerte elevane ved Bigset skule er.

Bo Sætre (2.klasse) var trikkeførar medan Sondre Østrem (4. klasse) var Den uheldige mannen.