Onsdag vart det klart at meklinga mellom Parat og Widerøe si kabinforeining og NHO og Widerøe ikkje førte fram og at alle dei kabintilsette vert tekne ut i streik. Som ei fylgje av dette vert all trafikken til flyselskapet innstilt. Til vanleg fraktar Widerøe om lag 11.000 passasjerar frå 47 flyplassar i Noreg og Europa.

I fylgje Widerøe sine nettsider vil passasjerar verte tilbydde ombooking av reiser fram til 31. mai. Det vert også tilbydd full refusjon for reiser som ikkje er påbegynte, medan for reiser der utreisebilletten har vorte nytta kan passasjerane få refundert den delen av reisa som ikkje har vorte nytta.

Beklagar til dei reisande

Widerøe går på sine nettsider ut med ei årsaking til dei som vert råka av streiken og Richard Kongsteien, kommunikasjonsdirektør i Widerøe er ikkje nøgd med situasjonen selskapet har kome i.

– Eg har vanskeleg for å forstå at dei kabintilsette verkeleg vil streike på dette grunnlaget. Dei gjer livet svært vanskeleg for mange av dei 11.000 passasjerane som skulle reise i dag, dei setter arbeidsplassar i Widerøe i fare ved å påføre selskapet enorme tap, og det frå ein posisjon med dei aller beste vilkåra i bransjen, seier Kongsteien.

Handlar ikkje om pengar

Dei kabintilsette er på si side skuffa over manglande forhandlingsvilje i Widerøe og på nettsidene til arbeidstakarorganisasjonen Parat kjem det fram at leiaren i Widerøe si kabinforeining, Kari Onarheim, ikkje føler at det tilsette vert tekne på alvor.

– Krava i årets oppgjer tak omsyn til selskapet sin økonomi og konkurransekraft. Konflikten handlar ikkje om pengar, men om at selskapet ikkje tek oss på alvor og vi har ingen andre sanksjonsmogelegheiter enn streik når arbeidsgivar nektar å forhandle og berre avviser våre krav, seier Onarheim.