Øystein Johansen sluttar etter dette skuleåret som rektor ved skulen for å gå tilbake til ei stilling i Sande kommune. Jostein Vartdal har vore inspektør ved ungdomsskulen og rykkjer dermed opp eitt hakk.

Det har vore tradisjon for å ha éin inspektør ved skulen, men frå hausten av blir det to, fortel kultur- og oppvekstsjef Leif Ringstad.

Ole Jakob Arnesen og Kristin Dimmen skal fylle desse postane.

*

Ulstein kommune skal også tilsette ein ny biblioteksjef. Søknadsfristen gjekk nyleg ut, og søkjarlista blir offentleg om få dagar.