Som nyvald leiar i Det Norske Arbeidarpartiet skal Jonas Gahr Støre på Noregsturne. Etter eige ønskje startar han turneen hjå Kleven Verft i Ulstein.

I morgon føremiddag (tysdag 17. juni) skal han møte leiinga og dei tilsette og få omvising.

Støre ønskte sjølv å vitje verftet på grunn av satsinga deira på teknologi og kunnskap. Kleven har investert mykje i mellom anna sveise-robotar, utan at dei har redusert talet på tilsette.

– Faktisk har dei henta arbeidsplassar tilbake frå utlandet. Dette er eit eksempel til etterfølging for andre norske bedrifter. Jonas ønskte førstehandskunnskap om korleis dei arbeider, forklarer Øyvind Arum som er kommunikasjonsrådgjevar i Arbeidarpartiet.