– Drifta av riksveg- og fylkesvegferjene er inne i ei utvikling med sterk trafikkauke og vekst i kostnadene, samtidig som det blir meldt om behov for å auke løyvingane til offentleg kjøp av ferjetenester. Utviklinga gjer det nødvendig å få fram nærmare opplysningar og vurderingar for å gjennomføre tiltak for meir effektiv drift og meir effektiv bruk av offentlege middel til kjøp av ferjetenester, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei melding frå Samferdsledepartementet.

Dei har bede Vegdirektoratet kome med vurderingar på kva som fører til kostnadsveksten i ferjedrifta.

Vegdirektoratet skal også vurdere om sjølve utforminga av anbodsordninga fører til kostnadsvekst og om det er mogleg og få til endringar i utforminga, med sikte på reduserte kostnader. I tillegg har Samferdselsdepartementet bede Vegdirektoratet om å sjå på desse punkta:

  • Bør ei anna organisering vurderast for offentleg kjøp av transporttenester i ferjesamband på riks- og fylkesvegnettet?

  • Er det mogleg å styrkje Statens vegvesen si rolle som kjøpar av transporttenester i ferjemarknaden?

  • Korleis har konkurransesituasjonen utvikla seg? Er det mogleg å ta grep for å betre konkurransesituasjonen?

Nøgd fylkesleiar

Fylkesleiar og gruppeleiar i Framstegspartiet (Frp) i Møre og Romsdal, Frank Sve, skriv i ein e-post at han er svært glad for at regjeringa tek tak i kostnadene kring ferjedrift.

– I Møre og Romsdal har anbodsrundane innan ferjedrift den siste tida, vist anbodsauke på opp mot 45 prosent, noko som fylkeskommunen ikkje har mogelegheit til å klare. Det er såleis svært gledeleg at regjeringa enda ein gong viser handlekraft, og tydeleg lyttar til det vi legg fram frå fylket, seier Frank Sve.

Les også: - Budsjettforslag kan hindre ferjetrøbbel

Les også: - Politikarane må snart innsjå problemet

Frank Sve, fylkesleiar i Møre og Romsdal Framstegsparti, er glad for at samferdsleministeren vil sjå på ferjedrifta.