Ein person er frakta til sykehus, tilsynelatande ikkje alvorleg skadd, etter å ha blitt utsett for ammoniakk-gass ved ei verksemd på Moldtustranda. I følgje politiet arbeidde mannen i 30-åra med å opne nokre gamle oljefat du ulukka skjedde og ammoniakkgass strøymde ut frå eitt av fata.

Verksemda vil sjølv rense staden i løpet av ettermiddagen. Saka vert etterforska av politiet og Arbeidstilsynet er varsla.