Politiet rykte søndag morgon ut med våpen til eit hus på Hareid. Dei hadde fått melding om at det var losna skot frå eit våpen. I ettertid viser det seg at det ikkje har vore eit skot, men eit høgt smell.

Det som vitast sikkert er at nokon natt til søndag oppsøkte ein fest på Hareid. Der har to gutar i tenåra blitt slått av dei som kom til staden. Gutane er ikkje alvorleg skadde.

Politiet melder at dei ikkje har kontroll på gjerningsmennene og at dei etterforskar saka vidare.