Stein Aam, Senterparti-politikar i Ørsta, meiner det er viktig for Ørsta kommune å selje ein del Tussa-aksjar før ei eventuell kommunesamanslåing med Volda, skriv avisa Møre-Nytt.

Den same bodskapen har Hareid Framstegsparti fleire gonger bore til torgs overfor ei eventuell samanslåing av Hareid og Ulstein kommunar.

- Hareid må selje Tussa-aksjane og bruke dei til investeringar i Hareid, før kommunen blir slått saman med Ulstein, har blant andre Perny Ann Nilsen og Truls Håbakk uttalt.

No har altså den same debatten starta i Ørsta, med Senterparti-politikar Stein Aam i spissen.

Har angra på sal i ettertid

Men partikollegaen hans, tidlegare Ørsta-ordførar Nils Taklo åtvarar mot ein slik tankegang:

- Å selje seg ned i Tussa vil vere veldig uheldig for kommunen. Tussa betaler utbytte som kjem direkte til kommunekassa, og dette vil verte redusert ved ein redusert aksjepost, minner Taklo om.

- Kommunen vil alltid ha behov for investeringar og det er veldig lett å bruke opp slike pengar, seier Taklo til Møre-Nytt, og viser til at andre kommunar som har selg seg ned i kraftverk har angra i ettertid.