I samband med at Møre og Romsdal lagar ein regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi i fylket, er det laga ei liste over kva kulturminne Ulstein kommune har med nasjonal og regional verdi. Hovudføremålet med den regionale delplanen er å utvikle strategiar for forvaltning, formidling og bruk av kulturarven i fylke som flest mogleg er samde om.
Dette blir lagt fram for Ulstein formannskap komande tysdag, då dei har møte. I sakspapira står det at eit påfølgjande arbeid med ein lokal kulturminneplan for Ulstein, vert å kome tilbake til i løpet av året, og vil kunne vere med å formidle kunnskapen om kulturarven også til ålmenta.
Administrasjonen legg fram saka utan høyringsuttale og tek planen til vitande.
Dei nasjonale kulturminna
1. Steinalderbuplass på Eika.
2. Gravrøyser på Ytre Flø.
3. Oshaugen, Osnes.
4. Gravrøyser på Hasund frå bronsealder/jernalder.
5. Saunes, Grøthaugen (gravhaud frå bronse-/jernalder)
6. Ulstein kyrkjestad
7. Ulstein kyrkje
8. Grasøyane fyr.
Regional verdi
1. Vik, Ulsteinvik. Eldre trehusmiljø.
2. Kleivastova, Dimna.
3. Kulturlandskap Haddal.
4. Uppigara, Havåg.
5. Tun Petterbakken, Ulsteinvik.
6. Garnes/Dragsundet.
7. Håkonsholmen.
8. Borgarøya handelsstad.
9. Kraftsstasjonen i Ulsteindalen.
10. Forsamlingshuset på Eika.
11. Fredheim, Ulsteinvik.
12. Vonheim ungdomshus, Flø.
13. Prestegarden i Ulsteinvik.
14. Skule på Vattøya.
15. Wige Bro, Ulsteinvik, som er ei hellebru frå 1800-talet.