Norled har sendt ut varsel om at Hareidruta er innstilt frå rutestart andre juledag (måndag 26. desember) og inntil vidare.
Grunnen er vêrforholda. Båten har ikkje gått i dag, sundag, på grunn av julerute.
Statens vegvesen Vest skriv på twitter at dei oppmodar deg om å la bilen stå 2. juledag om du ikkje må ut på vegen. Årsaka er ekstremvêret Urd som er venta med kraftig vind og mykje nedbør. Verst skal det bli sør for Stadt.
I følgje meteorologane vil det blåse kraftig i kveld og i natt i Møre og Romsdal.