Vi er godt vane med ruskevêr rundt juletider her på våre kantar. Også i år ser det ut til at jula kan verte av det meir forblåste slaget. Vi fekk ein lite forsmak på dette tysdag, men på julaftan bles det opp på nytt. Meteorologane melder opptil full storm frå sørvest på kysten av Vestlandet, frå Bergen og nordover, i følgje YR.no. I tlllegg vert det også meldt om regnbyger. Nedbøren vil kome som snø over 300 til 700 meter. Det er også utrygt for torden på julaftan.
Uvêret som råkar oss julaftan treff Dei britiske øyane i morgon, fredag. I følgje YR.no er dette venta å verte så heftig at meteorologane i Storbritannia har gitt det namnet "Barbara". Førebels har ikkje norske meteorologar gitt uvêret noko namn, i og med at dei ikkje definerer det som ekstremt. Årsaka til ruskevêret er at kald luft frå innlandet i USA møter varm havluft i Atlanterhavet.