Politimeister Ingar Bøen har valt å oppretthalde 16 politistasjonar og lensmannskontor i Møre og Romsdal. I dag torsdag sendte han over det endelege framlegget til ny struktur for Møre og Romsdal politidistrikt til Politidirektoratet.
Det fortel Møre og Romsdal Poilitidistrikt i ei pressemelding.
I det forslaget som politimeisteren sende på høyring i oktober var lensmannskontora i Ulstein og Herøy samlokaliserte til Myrvåg, medan Tingvoll lensmannskontor var slått saman med kontoret i Sunndal. Men han har no konkludert med at det bør vere lensmannskontor både i Ulsteinvik, Fosnavåg og i Tingvoll.
LES OGSÅ: Vil flytte Ulstein-kontoret
- Nesten 30 av kommunane har sendt oss sine høyringsfråsegner og gitt uttrykk for si meining om forlaget mitt og i tillegg har vi hatt ein omfattande prosess med sterk involvering av kommunar gjennom fleire store konferansar og ei rekke andre møter. Mellom anna med dette bakteppet har eg kome fram til at 16 tenestestadar i Møre og Romsdal er det som sameinar flest av dei omsyna som skal takast, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal.
Dersom Politidirektoratet vel å fylgje tilrådinga frå Bøen, vil det framleis vere politistasjonar i dei tre største byane og lensmanskontor i Aure, Tingvoll, Surnadal, Sunndal, Fræna, Vestnes, Rauma, Haram, Sykkylven, Herøy og Sande, Ulstein og Hareid, Vanylven og Ørsta.
- Dei lensmannskontora som no vert borte og slått saman med større einingar, hadde i utgangspunktet svært lav bemanning og hadde ingenting å seie for beredskapen, held politimeisteren fram.
Bøen minner om at siktemålet med strukturedringa er i frigjere ressursar for å gje innbyggarane i Møre og Romsdal ei betre polititeneste:
- Politiet skal vere tilstades i lokalmiljøa og vere synleg for publikum, og det skal etablerast eit tettare samarbeid med kommunane. Det forpliktar både politiet og kommunane. Målet med Nærpolitireforma er eit politi som er operativt, synleg og tilgjengeleg og som har kapasitet og kompetanse til å førebygge, etterforske og påtale kriminelle handlingar og sikre innbyggarane sin tryggleik. Det skal utviklast eit kompetent og effektivt lokalt nærpoliti der folk bor. Samstundes skal det utviklast sterke fagmiljø som er rusta til å møte kriminalitets-utfordringane i dag og i framtida, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal.
Det er Politidirektoratet som har det endelege ordet når det gjeld strukturen i politidistrikta og avgjerde derifrå skal etter planen ligge føre midt i januar.
Deretter får kommunane ein klagefrist til 1. mars på delar av avgjerda – først og fremst saksbehandlinga. Justisministeren er klageinstans for avgjerda frå direktoratet og alle klager er venta ferdig behandla innan 1. april.